Viser innlegg med etiketten Mæland Bente Bratlund. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mæland Bente Bratlund. Vis alle innlegg

lørdag 24. november 2012

Bente Bratlund Mæland: "Det å savna"

Foto: RMC - Nygårdsparken i Bergen høsten 2012


Det å savna

Det er eit privilegium
å kjenna savn.
Vondt, ja
og tungt.
Men det fortel 
om ein nærleik
som var.
Om varme, lys 
og latter.
Det å savna er 
den andre sida 
av det å ha fått.
Å ikkje kjenna 
savn, ville vera å
aldri ha elska.

Bente Bratlund Mæland

Populære innlegg